Kjør på !

I dag har eg kjørt bil med kjøreskule, merka eg er litt rastlaus på å bli ferdig, men typisk meg gjere eg alltid småfeil.Har til no kjørt vel 14 timer med kjøreskule..   Blir eit nervevrak når eg skal kjøra med kjørelærar. Har veldig presentasjonsangst, og har ikkje den kjappaste refleksen heller. Virka litt håplaust, når eg er heilt motsatt når eg lærekøyrer med min eigen bil, då er eg rolig og avslappa. So var det teorien då, har øvd, men er noko slit å øva til då det er so innvikla. Blir vel teoriøving og snart lærekjøring med knøttet av ein bil i ei stund..

Driver du og med å ta lappen?



 

Beauty

Fant eit bilde som eg syns var spesielt og nydelig ! Føler at eg tenker veldig mykje for tida, og tolka bildet som tenkande..  Men Syns du det er fint med fregner/rødt hår ?



 

Inspirerer meg !

 

Eg har sett mykje på luksusfellen, er noko med programmet som gjer at eg har blitt inspirert til å ville begynna med reknskapsføring. Fyst av lat må eg laga eit budsjett, noko eg kan minst av  alt, eg veit ikkje heilt korleis eg skal få det skikkelig til, har du tips ?.

Har veldig lyst å ha meir kontroll over økonomien min, er veldig flink til å kjøpa godteri og alt mulig usunt, der kan eg vera ekstremt inpulsiv, mi svakaste side er nok faktisk å "berre" ta turen til dagligvarebutikken. Den sterke siden er nok at eg er lite interessert i å kjøpe kle, sminke og liknande, men av og til ønske eg at eg var flinkare til å bry meg i da minsta middels om det. Eg ønske veldig å ha penger oppspart til då eg skal eks. bygga hus eller kjøpa noko dyrt i seinare tid, føle at det er viktig å legge vekk penger for at ein ikkje plutselig har brukt og tusenvis av kroner på alt mulig som ein egentlig ikkje hadde bruk for ....

Ser for meg at detta skal bli ein type fritidshobby, å faktisk få til å holda seg til budsjettet, og kunna få til å laga eit system i reknskap. For meg kjem det til å bli positivt å helda litt på med rekning sidan eg ikkje er spesielt interessert i matte.

Heldigvis har eg ikkje gått i noko luksusfelle enno, sjølv om eg har alt for mykje utgifter kvar mnd. ! Sorry for Zero bilder, men noko som er feil sidan  eg berre får opp error meldinger.

 

Har du  gått i luksusfellen ?  Har du tips til budsjett ?

 

 

Full fart!

For ikkje så lenge sidan tok eg meg ein tur på hesteryggen, har berre ridd på hest nokon få gongar i det siste i rolig tempo. Var på ein rolig tur før eg fekk galloppere utan sal. Utrulig kjekt !  Lenge sidan eg har følt meg "fri" og tørt å ri på hest i full fart uten å vera veldig nervøs og usikker. Men bakdelen er at ein sitter igjen og tenker på Nikiton <3, den ponnien me hadde når eg var yngre, helt uvirkelig at han er død no.. Me har ikkje eigd han på lenge, på grunn av at pappen selgte han vekk etter ei ulykka Nikiton var med i (lang historie), uansett er eg ihvertfall veldig glad for at den personen som eigde han sist tok så godt vare på han som ho kunne.


Nikiton <3

 

Meg og Goldfinger












 

 

 

Har klipt meg

Etter å ha tenkt lenge på å klippe meg, bestilte eg time hos Cecilie (http://cberlan.blogg.no/), var mange måneder sidan sist eg klipte meg, så håret var ganske slitt.

Før :


 Bilde av meg og bestevennina mi Lizzie,

Håret mitt var langt og sidan eg har masse fall i håret var det litt uryddig, eg har og veldig tjukt hår.


Etter:

Er veldig uvant å ha kort hår igjen, men trengte å klippe vekk ein del siden det etterkvart ikkje såg så bra ut, med slitt og øydelagt hår .. No er det berre å spare igjen ? Syns eg passer best halv langt - langt hår etter å ha tenkt meg om. Og syns frisyren ikkje passa så bra til akkurat meg, men Cecilie du er ein flink frisør ! Og det er min feil at eg velgte å bokstavelig talt kutte av halvparten av lengden på håret ..

Bilder av nokon tidligare frisyrer:

Kva frisyre likte du best ?




 


 

Savn..

Den fyste hunden me hadde på garden, var ein hyper border collie som var tenkt til å hjelpa med gjeting av sau. Enkelt var det ikkje når me såg at hunden ikkje var komfortabel rundt sauene, og var rett og slett redd. Det fungerte ikkje og det hadde nok blitt for tungt å trene ein slik hund, då ein fyst måtte ta vekk angsten. Spesielt hadde det våre vanskelig for det hadde jo våre den fyste hunden me skulle trene til å bli gjeterhund..

Hunden som vart kalla Zita, er i dag 5 år ! Å oppleva å måtta gje vekk "min beste venn" var ekstremt tungt og eg kjem aldri til å gløyma den livsglade hunden, som alltid gjorde dagen min betre. Hunden var energirik og var alltid med, men eg hadde aldri tenkt at ho so brått ikkje skulle vera ved mi side lengre .. Sjølv no så mange år etter føle eg at det var feil å gi ho vekk, men det hadde og våre feil å ha ein hund som var nervøs rundt sau. Det er spesielt tungt å vite at Zita er ein anna plass når ein skulle ønske at ho var akkurat her, her og kikka opp på meg med dei store brune augene med det blikket smelta ho alle hjerter.  Savner deg !

 

Dagen er din kjære Zita  ! <3




Savner du eit kjæledyr ?

Livet på Voss

Er kjekt å gå på Voss Jordbruksskule! No når eg har komt inn i riktig klasse er det litt enklare. Yrkestittelen agronom var det tydligvis meiningen eg skulle ta fortare enn planlagt, og er veldig glad for å gå sista året på agronom. Kunne ikkje ha bedt om ein bedre klasse og trivst godt. Føler eg lever i ei lita "boble"  og har ikkje funne ut so mykje eg kan finna på her på fritida. Savne å ha fridomen til å eta når eg vil (faste måltid på skulen). Vurderer å flytta ut av internatet og få min eigen plass, sjølv om det er dyrt skal det gå bra! Berre eg finne meg ein leilighet/hybel her då..  



Lese bloggen til Cecilie ?

Hei ! Har ein blogg å annbefale. Vennino mi : Cecilie, er frisørlærling og har starta opp ein  ny blogg . Treng du tips om hårprodukt, hårpleie m.m , eller berre har lyst å lese om kvardagen hennas ?                                             

Ta ein tur innom    http://cberlan.blogg.no/ !! Veit ho vil setta stor pris på besøk og ikkje minst kommentarer :D





Innkjøp IKEA

Stakk innom IKEA ! Kjøpte egentlig mykje uinteressant, og ikkje ein tredjedel av det eg skulle, kan ikkj noko for at ikea er forvirrande, og mesteparten av dei ansatte usynlige, heh.

Bumerang kleshengere for 49 kr  

FÄrgrik krus for 5 kr

Fniss papirkurv for 15 kr

Kludd veggtavle  for 129 kr

Komisk trippel putetrekk,

Pluggis papirkurv , 59 kr

Idelig bakebolle, 98 kr

Spontan magneter  49 kr

Spontan magnettavle 119 kr


Skal nok kjøpe meir der etterkvart , skal berre sjekke ut den nye "leiligheten" , skal flytte inn på eit internat, mitt store spørsmål er ka kan eg ta med ? Hadde våre praktisk med eit mini kjøleskap og ein liten komfyr :D ..

Fleire som skal flytte ?

Klipt håret !

 



Likte du det ?

Har seriøst ikkje eit liv ! Det er sommarferie for meg om ein dag, og eg gruer meg til å jobba. Har ingen planer for sommaren, skal eg berre jobbe ? Blir deprimert av å tenke på at eg skal jobbe nesten heile juli, vanligvis like eg å jobba, men er lite motivert i år, berre lønna som blir positivt. Har lyst å vera med mine venna, so berre til å skrive forslag til ka eg kan dra dei med på ! :D Du skal i sommar då ?Helsing ensomme Iris ..

Les mer i arkivet » April 2012 » Mars 2012 » Februar 2012
hits